Kamera i auget. Chip i hjernen?

For ei tid sidan las eg om ein filmskapar som har tenkt å erstatte det blinde auget sitt med eit trådlaust kamera. På den måten kan han filme alt han ser. Dette er fint mogleg med dagens teknologi—ein må berre få kameraet lite nok. Kan det imidlertid tenkast at vi i framtida—ved å installere ein chip i hjernen—vil kunne bruke vanlege auger som kamera?

Det lyd ikkje så veldig fjernt, eigentleg. Kvifor skal ein ikkje kunne fange opp signala som går frå synsnerven til hjernen?

+ Tanya Vlach har det same prosjektet, og ho bloggar om det.

Tags: , , , ,

Leave a Reply